Første koronatilfellet påvist i Stranda

Illustrasjonsfoto/Colourbox 

Nyhende

Stranda kommune melder torsdag ettermiddag at det for første gong er påvist koronasmitte hjå ein person som er på besøk hjå familiemedlemmar i Stranda kommune.

- Vedkommande har vore veldig medviten om smittevernreglane, og fulgt karantenereglane til punkt og prikke. Vi håper og trur at vi skal kunne isolere denne smitten, og det blir gitt tilbod om testing til aktuelle personar, seier ordførar Tryggestad.

- Det har blitt testa i dag, og vi voner på rask tilbakemelding - forhåpentlegvis før helga, supplerer han.

Smitten har ifølge kommunen kome frå reise i utlandet og til kommunen via ein person som har vore på besøk i Stranda kommune. Det vart ifølge kommunen iverksett smittverntiltak under og etter reisa.

Vedkommande har vore utan nærkontaktar etter ankomst til Stranda og etter påvist smitte har vedkommande blitt sett i isolasjon etter vanlege reglar.

- Det er ingen grunn til å mistenke ytterlegare smitte i Stranda kommune, og vi vurderer smitterisikoen som låg, seier rådmannen.