Generell båndvang er over i dag, men

Pålagt båndtvang ut oktober

Illustrasjonsfoto  Foto: Colourbox

Nyhende

Er du klar over at Stranda kommune har ei eiga forskrift om båndtvang?

Generell båndtvang i Noreg er i perioda 1. april til og med 20. august - altså ut dagen i dag, torsdag.

Men Stranda kommune har ei eiga forskrift om hundehald, innført frå 26. mars 2008.

Den seier at av omsyn til beitande husdyr er båndtvangen utvida frå og med 21. august til og med 31. oktober.

I tillegg er det båndtvang i alpinløyper og dobbeltspora maskinpreparerte skiløyper frå og med julaftan til og med første nyttårsdag, frå og med 20. februar til og med 5. mars (vinterferien) og frå og med laurdagen før palmesøndag til og med 2. påskedag.

Det er båndtvang heile året i tettstader, bustadområde, områder regulert til offentleg formål, på kyrkjegardar og i tilrettelagde friluftsområde.

Hundar har i tillegg ikkje tilgang til barnehagar og skuleområde i kommunen utan nærmare avtale mellom hundeførar og ansvarleg leiar for den aktuelle skulen/barnehagen. Førarhundar er unntatt.

Men: Det er mogleg å søkje dispensasjon. Søknaden må då fremjast til kommunen.