Historia om fem år med "bykaffi" og sju doble espresso

Nyhende

- Kaffi skal vere varm som helvete, svart som djevelen, rein som ein engel - og søt som kjærleiken

Desse velvalde orda kjem ikkje frå undertekna, dei kjem frå Charles-Maurice de Talleyrand. Han var ein fransk statsmann som levde frå 1754 til 1838.

Nordmenn er eit kaffidrikkande folk. Faktisk gjer kvar nordmann kål på ti kilo kaffi per år, om vi skal tru Statistisk sentralbyrå. Og det er det jo all grunn til.

40 prosent av all kaffi som blir importert til Noreg, kjem frå Brasil. Saman med nabolandet Colombia, står dei to latinamerikanske landa for 60 prosent av all importert kaffi inn til landet. Kaffien blir hovudsakleg brent i Sverige, sjølv om Noreg har fleire kaffibrenneri - mellom anna Jacu i Ålesund og på ferjekaia i Forvik i Nordland fylke.

Noreg har dei seinare åra opplevd kaffiturisme - folk kjem frå heile verda for å oppleve norsk kaffi, som til dømes i Ålesund.

Lille Hellesylt har kaffisjappe, der du får ekte "bykaffi" servert av dagleg leiar Ellen Fivelstad. I år har Hellesylt boutique og bar eksistert i fem år - og fem nye år ser det vitterleg ut som det blir.


Saknar ein plass å drikke espresso

Bokhandelen på Hellesylt vart lagt ned om lag då momsen vart innført. 45 år seinare vil Ellen Fivelstad selje kaffi, suvenirar og bøker frå lokala i Hellesylt sentrum.



Skal tilby "bykaffi" på Hellesylt

Det er hektisk aktivitet i den tidlegare bokhandelen på Hellesylt. I juli opnar Ellen Fivelstad kaffibar med «nogo attåt».


Sommarkaffi

Kaffi er ein drikk for varme dagar, og for kalde dagar.

- Vi sel mest kalde kaffidrikkar når det er varmt ute. Elles går det i tradisjonell svart kaffi og cappucino, seier ho.

- Vi har sirup under disken, for dei som ønsker dette i kaffien. Men om vi set dei fram, så kjem kaffielskande hipstarar til å snu i døra. Dei vil ha kaffien svart og "naken". Du kan kamuflere dårleg handverk med mjølk, men ikkje når kaffien er svart, seier Fivelstad.

Og lagar to espresso, med to minutt mellomrom, rett etter rens av kaffimaskina.

- Kjenner du? Den første er knapt til å drikke, medan den andre er god. Så lite skal til, fortel Fivelstad.

Vi har aldri møtt ein kopp kaffi vi ikkje har likt, men må medgje at kopp nummer ein sleit meir i smakslaukane enn kopp nummer to. Med nesten førti års røynsle som kaffidrikkar, trass iherdige forsøk på inngripen frå ulike familiemedlemmar, tek vi oppgåva som testar av sommarkaffi på høgste alvor.

Og nei - tanken på å starte arbeidsdagen med sju doble espresso skremmer ikkje i det heile.

Espresso tonic

Etter litt konferering med barista , så blir det vedteken samrøystes at vi startar med Espresso Tonic.

- Den er enkel. Ha ein enkel eller ein dobbel espresso i eit glas over is, og fyll opp med tonicvatn. Espresso Tonic var sjølve trenddrikken for nokre år sidan, men no er han relativt sjeldant å sjå, meiner Fivelstad.

Ein enkel espresso har vi aldri bestilt nokon stad, tenkjer vi - så vi ber om ein dobbel.

Artig faktum no i myggtidene: Tonicvatn hjelper mot mygg, og vart tidlegare brukt mot malaria. Britane drakk tonic med gin - vi held oss til kaffi.

No skal det seiast at det er lite malaria på Hellesylt, men kinin - som gir den bitre smaken i tonicen - er ikkje noko norske mygg liker heller.

- Usj, denne vart for bitter for min smak, seier baristaen.

Akkurat det er ikkje vi samd i - bitterheita i kaffi saman med bitterheita i tonicen var ein perfekt kombinasjon for vår del. Og i motsetnad til britene sin malariamedisin - gin og tonic - kan du setje deg trygt bak rattet etter ein to/tre kaffidrikkar.

Iskrem-latte

- Iskrem-latte er enkel, den med. Dobbel espresso med iskrem, blanda saman i ein blender og tømt i eit glas, seier Fivelstad. Ho brukar mokka-is for høvet.

- Du kan få den iskrem-kombinasjonen du ønsker sjølv - men ein mokka, vanilje eller sjokolade-iskrem vil nok fungere best her, meiner ho.

Overraskande forfriskande, sjølv for dei av oss som ikkje likar søt drikke.

Affogato

Italienarane sitt forhold til mat er tilnærma religiøst, noko Nigella Lawson fekk røynsle med då ho tilsette fløyte i spaghetti carbonara. (Nei, det skal slett ikkje vere fløyte i carbonara. Egg og bacon, derimot).

Og italienarane kan ein ting eller to om dessertar - og kanskje spesielt kalde dessertar. Italia har ikkje iskrem - dei har gelato. Og semifreddo. Og granita. Og ein heil del anna.

- Affogato er ganske enkel, den med. Ein enkel eller dobbelt espresso med ei kule iskrem i. No bruker eg sjokoladeis, det plar vere vanilje, seier baristaen.

Etter å ha blitt overraska over kor godt iskremlatten var, byrjer vi å lure på om vi lyg når vi påstår å ikkje like søte drikkar. For no kjem det vitterleg smattelydar ut av smakaren. Dette er laurdagskaffi, blir det mentalt vedteke. Nam!

For dei som no har heldt tellinga, så har de sjølvsagt kome fram til at det er omtalt fem doble espresso. Dei to resterande vart brukt på islatte (heilt vanleg latte, berre med kald mjølk) og ein kubansk kaffi Fivelstad plar lage til seg sjølv. Altså sju.

Vi oppsummerer smakstesten med å konstatere at vi har fått oss ein soleklar kvardagsfavoritt: Espresso tonic. (Sukker i kombinasjon med koffein, det bruser det så godt i bringa av at vi held oss til slikt i helgene.)

Fem år i "bokhandelen"

Ellen Fivelstad driv saman med søstra Iris Hellesylt boutique og bar, og kunne i helga markere fem år i den tidlegare bokhandelen til Anna Maria Hellesylt.

- Det har vore litt opp og ned gjennom åra, men at det skulle utvikle seg dit vi er no hadde eg ikkje trudd for fem år sidan, seier Fivelstad.

Og "dit vi er no" er kaffi, kaker, isdisk, skjenkeløyve for øl og vin,stort inneområde med ei velfylt bokhylle og ei smått legendarisk samling av retro nipsgjenstandar - samt eit stort uteområde, siste tilskott er terrassen som vart innvia førre helg.

- Randi Sæther har ordna uteområdet vårt med planting av blomer og Byrg har snekra sittekassar, og det har blitt fint, seier Fivelstad.

Neste steg er å lage til uteområde på baksida av kaffibaren. Samt lunsjservering.

- Vi har så stort trøkk her no i sommar at lunsjservering er ikkje noko vi får testa før til hausten igjen. Men då kan det vere snakk om quiche og salatar mellom anna, seier ho.

Kaffibaren er open heile sommaren, og i høgtidene. Men i år har det vore spesielt, då korona-krisa råka nokre veker før påske og alt vart stengd.

- Vi mista påska, som er viktig for oss. Men sålangt ser vi ut til å greie oss, seier ho.


Serverer romjulskaffi på Hellesylt

Det vil òg vere mogleg å få seg ein nyttårskaffi av Iris Fivelstad, Antonio Fernández Castellanos og Ellen Fivelstad.



Hellesylt

Kaffebar med ferjereiste kaker

Hellesylt Boutique & Bar i den gamle bokhandelen på Hellesylt, er nyaste prosjektet til Iris og Ellen Fivelstad.


Is til alle tider

Ein skulle tru at kaffi er den mest selde artikkelen på Hellesylt. Det er det ikkje.

- Nei, det er is. Det går is i heile opningstida, og heilt uavhengig av kva vêr det er ute. Bringebær og sjokolade er mest populært, seier ho.

- Av kaffi sel vi mykje cappucino - kalde kaffidrikkar er mest populære når det er varmt ute, seier ho.

- Og sjølvsagt sel vi mykje Hellesylt-kaffi, legg ho til. Hellesyltkaffien er spesialbrent til kaffibaren, og selgast som heile bønner - eller blir kverna på staden.

Hemmeleg meny

Fivelstad fortel om at dei òg har ein "hemmeleg meny":

- Ja, sjølvsagt. Vi har ein kaffidrikk med kvit sjokolade og chilli som er oppkalla etter eit skodespel skriven av ein verdsberømt forfattar. Handlinga er lagt til Hellesylt, seier ho.

Om du ikkje har heilt oversikta over Ibsen sine samlede verker, så kan vi meddele at det skodespelet er "Brand".

Sjølv har vi med hell bestilt rett mange dobbel-dobbel: Ein dobbel cortado - altså to doble espresso, med steama mjølk og mjølkeskum.

Vi spør fast kunde og høg beskyttar av kaffibaren (Fivelstad sine ord), Karl Kristian Langeland, kva han meiner om staden.

- Eg elskar kaffibaren på Hellesylt, og eg drikk ikkje kaffi eingong, ler han og utdjuper:

- Det er så viktig for ei lita bygd å ha ein plass å møtast over ein kopp eller eit glas. Kaffibaren har også gjort det enklare å reklamere for bygda. I tillegg til nydeleg natur kan vi no skryte av ein koseleg kaffibar, med kaker, bobler og trivelege folk. Det gler meg stort kvar gong eg får ein snap eller ei melding frå vener og bekjente frå heile landet som eg ser har stoppa på Hellesylt i sommar, og felles for dei alle er at dei går innom kaffibaren. Det viser kor viktig det er å ha ein koseleg stoppestad, seier han.