Reagerer på skilting ved Flydalsjuvet

Nyhende

Ei gruppe hytteeigarar har gått saman om å sende brev fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune om skilting ved Flydalsjuvet langs fylkesveg 63 i Geiranger.

- Vi er av den oppfatninga at når ein kjem frå aust til Flydalsjuvet vil skiltinga medføre at ein forvirrar eller feilinformerer bilistane om attraksjonen og kor ein kan parkere, skriv Flydalen hytteforening i brevet.

Vegvesenet har sett opp eit serviceskilt som seier at det er 300 meter til Flydalsjuvet ved ein parkeringsplass reservert for hytteeigarane.

- Turistar oppfatter dette som at det er parkeringa til utsiktspunktet, og senkjer farta eller stogger for å finne parkeringsplass. FV63 har 80 kilometer fartsgrense på denne staden, poengterer hytteforeininga som fryktar trafikkfarlege situasjonar.

Nedkøyringa til den reelle parkeringa ved Flydalsjuvet, er markert med eit lite vegvisingsskilt.

- Vi ønsker at Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer denne skiltinga, og eventuelt flyttar skiltet nærmare parkeringsplassen tilhøyrande Flydalsjuvet, skriv dei.