Korleis har eigentleg sommaren vore utan cruiseturistar

Skal kartlegge turistdestinasjonane

Ein pågåande undersøking skal kartlegge korleis lokalbefolkninga opplever ein sommar utan cruiseturistar.

I sommar er det stort sett bilferja Veøy som har traffikert Geirangerfjorden. Ingen cruiseskip har kome verken til Geiranger eller Hellesylt.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I ei pressemelding frå Vestlandsforsking melder dei at forskarane Agnes B. Engeset og Anna Maria U. Brekke er i gang med eit prosjekt om følgjene av fråværet av cruiseturisme. Gjennom eit spørjeskjema ønskjer dei at lokalbefolkninga i mellom anna Geiranger, Hellesylt, Ålesund og Bergen svarer på korleis dei har hatt det på sin heimstad den her sommaren når det ikkje har vore cruisetrafikk.

Undersøkinga skal kartlegge følgjene av ein sommar utan cruiseturistar i byer og tettstadar. I tillegg til å kartlegge korleis det har vore utan cruiseturistar tek undersøkinga føre seg både økonomi og miljø.

Resultatet av forskingsprosjektet vil vere viktig for cruisedestinasjonar som kanskje må leve med koronapandemien også i tida framover.

Spørjeskjemaet finn du på Vestlandsforsking eller Stranda kommune sine nettsider.