Gullprestasjon

Nye medaljer

Martine Sve fortset med den gode skytinga ho har hatt dei siste månadane. I helga noterte ho ein ny personlig beste

Martine Sve  Foto: Privat

Nyhende

Stange Sports Skyttere arrangerte skytestemne i helga. Martine Sve fortset å imponere. På 10m internasjonal luftriflestemne på Stange forbetra ho sin personlege rekord.

Rett bak

Med eit snitt på 10,47 poeng per skot enda ho på poengsummen 628,5 på 60 skot ståande. Dette var berre 0,2 poeng bak Katrine Lund sitt teljande resultat i kvinneklassa. Sve som skyt i juniorklassa er då fullt på høgde med resultata i seniorklassa.

Medaljar

Sve konkurrerte også i Vestre Bærum. I 60 skot liggande, med poengsummen 621,4 tok ho fyrste plass og gullmedalje. I konkurransegreina heilmatch vart det sølvmedalje med poengsummen 1156 i juniorklassa.