Kjendisar i naturen

Startar på Stranda

Onsdag morgon startar innspelinga av årets sesong av 71° nord - Norges tøffeste kjendis. Fyrste etappe er lagt til Stranda.

Realityprogremmet 71° nord - Norges tøffaste kjendis startar i Stranda. Til venstre er produsent Eirik Christoffer Hamre og til høgre programleiar Tom Stiansen. I bakgrunnen er båten MS Sunnhordland som blir brukt til å frakte kjendisane frå stad til stad.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Akkurat kvar og kva etappen og konkurransane går ut på vil ikkje programleiar Tom Stiansen røpe. Utanfor skipet MS Sunnhordland møter vi han og produsent Eirik Christoffer Hamre frå produksjonsselskapet Nordisk Film TV AS. Dei ti kjendisane som vart presentert i går er sendt ut på deira fyrste oppdrag.