Renovasjonsselskap ute med informasjon

Ønsker å sjå det som blir levert

Renovasjonsselskapa ÅRIM, SSR og VØR ønskar at ein saman kan gjere arbeidet med sortering av avfall og resirkulering enklare.

ÅRIM startar med kjeldesortering for hytte- og fritidsbustadar på Fjellsætra.  Foto: Kristin Støylen

Nyhende

Før bossdunkane kom var det vanleg å levere inn alt boss i svarte søppelsekkar. Etter at dunkane kom har folk heldt fram med å levere avfall på miljøstasjonane i svarte søppelsekkar.

No ønsker ÅRIM saman med SSR og VØR at folk går over til å nytte gjennomsiktige søppelsekkar når dei leverer boss på miljøstasjonar. Årsakene er fleire.

– Då er du med på å redusere brannfaren, får resirkulert betre og du kan spare pengar, skriv dei tre renovasjonsselskapa i ei pressemelding.

Dersom folk nyttar gjennomsiktige søppelsekkar er det enklare å sjå om det som blir levert blir sortert som riktig avfall. Sekkane skal også sikre ei meir forsvarleg handtering av avfallet.

Brannfare

Mesteparten av dei registrerte branntilløpa på gjenvinningsanlegg skjer i usortert avfall ifølge Norsk Miljøkompetanse. Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) hadde seinast i fjor branntilløp på grunn av brannfarleg avfall som ikkje var sortert ut. I tillegg til å unngå brannfare, vil også lommeboka til innbyggjarane kunne nyte godt av tiltaket.

Økonomisk gevinst

Ved å sortere rett blir gevinsten mindre arbeid og mindre utgifter for renovasjonsselskapa.

– Kastar du ting på rett plass, er du med på å sikre eit rettferdig renovasjonsgebyr, står det i pressemeldinga.

På enkelte miljøstasjonar må ein betale for å levere visse typar avfall. Om ein kastar alt i ein svart sekk kan det difor bli dyrare enn om ein har sortert avfallet på førehand. Samtidig går besøket på stasjonen raskare.

Selskapa sine undersøkingar viser at berre ein fjerdedel av avfallet som blir levert i svarte søppelsekkar skal til forbrenning. Resten burde heller vore resirkulert.

I ei tid framover vil det vere mogleg å nytte svarte søppelsekkar ved innlevering, men då må sekkane opnast og sorterast ved innlevering.

Kjeldesortering på hytta

Alle som har hytte- eller fritidsbustadar på Fjellsætra får no utstyr til sortering av avfall. Fyrste veka i september køyrer ÅRIM ut utstyret til hyttene.

På same måte som i dei ordinære bustadane skal no plastemballasje, papiravfall, glas- og metall, miljøfarleg avfall, matavfall og restavfall sorterast før levering.

Renovasjonsselskapet skal også erstatte hyttepunkt med brønnar i løpet av hausten, nokre stader er dette allereie gjort.

– Fjellsætra er fyrst ute med kjeldesortering for hytte- og fritidsbustadar i regionen, skriv dei i ei pressemelding.

På den her måten ønsker dei at sorteringa blir lik både heime hos folk og på hyttepunkta.