Klagene renn inn på eigengodkjenning av hyttefelt

Sunnmøringen har fått tilsendt bilete frå fleire trafikkuhell som skjedde i Økslevegen i januar i år. Bruk av Økslevegen som tilkomstveg til Ringstadsætra 1 og 2 er hovudankepunktet i klagene på eigengodkjenning av reguleringsplan.  Foto: Foto: Privat

Nyhende

Kommunestyret sitt vedtak om å eigengodkjenne reguleringsplanen for Ringstadsætra 1 og 2 mottek no ei rekkje klager.



På ein og samme dag er det komne inn 11 klager til kommunen, fleire av desse er sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal - som er klageinstans.

Hovudankepunktet til klagarane er bruk av Økslevegen som tilkomstveg for hyttefeltet Ringstadsætra 1 og 2.

- Kvart år, og oftare og oftare i tråd med den stadig aukande trafikken langs nedre del av Økslevegen, ser eg bilar som ikkje taklar kor bratt det er på vegen utanfor hytta mi, skriv ein hytteeigar som stiller spørsmål med korleis naudetatane skal takle stigninga på vegen.


Roper varsku om aukt bruk av Økslevegen

- Dette er ikkje trygt


- Trafikktryggleiken er i dag utilbørleg og kan bli katastrofal, skriv ein annan hytteeigar.

- Tilkomsten til hyttefeltet Ringstadsætra har iallefall to eksisterande løysingar, den eine er som valdt Økslevegen og den andre er Ringstadsætra opp til Meraftahornvegen som var tidlegare godkjende veg til Ringstadsætra hyttegrend område 1 og 2. Til samanlikning har Økslevegen eit brattaste parti på 16 prosent (rundt 150 meter) medan vegløysinga Ringstadsætra har eit brattaste parti på 12, 9 prosent, skriv hytteeigar tre via advokat.

Ein annan hytteeigar tilrår igjen via advokat at det blir gjort ei synfaring på staden, og at denne synfaringa blir gjennomført saman med fylkesmannen sine folk.

Støy og støvplager er andre moment som klagarane trekk fram.