Norsk Sjømannsforbund reagerer på bruk av MF Fridjof Nansen

Klagar inn hotellskipet til Sjøfartsdirektoratet

Fridjof Nansen mellom Friaren og Skageflå.  Foto: Harry Nicolaisen/Hurtigruten

Nyhende

Norsk Sjømannsforbund har sendt varsel til Sjøfartsdirektoratet om det dei meiner er eit planlagd lovbrot når MS Fridjof Nansen skal brukast som hotellskip.

MS Fridjof Nansen skal leggje til kai både i Åndalsnes og på Hellesylt i samband med innspelinga av "Mission Impossible"-filmen, som mellom anna skal innehalde scener frå Helsetkopen i Sunnylven.

Skipet skal i ein månad framover tene som hotell, noko Sjømannsforbundet meiner er eit brot på fråsegna som gjeld for NIS-registrerte skip - som MS Fridjof Nansen er (NIS står for Norsk Internasjonalt Skipsregister, red. anm).

Norsk Sjømannsforbund reagerer på at eit passasjerskip registert i NIS blir nytta til hotellformål, og meiner at dette bryt med den norske NIS-lova. Dei meiner òg at det er snakk om brot på fartsområdeavgrensinga, då skipet ikkje anløper utanlandske hamner i perioda.

Vidare protesterer Norsk Sjømannsforbund på at det er innleigd arbeidskraft frå tredjeland, mellom anna asiatiske land, til det dei påstår er langt under norske lønsvilkår.

- Til alt overmål har Hurtigruten fortsatt mange permitterte arbeidstakarar, slik at selskapet disponerer norsk arbeidskraft som kunne ha vore nytta, skriv Norsk Sjømannsforbund i klaga som peikar på ei mogleg konkurransevridning for norske hotell.

Norsk Sjømannsforbund krev at Sjøfartsdirektoratet umiddelbart slettar MS Fridjof Nansen frå NIS-registeret.

Frå før er det kjent at Sjøfartsdirektoratet ønskar ein full gjennomgang av Hurtigruten si handtering av koronasituasjonen.