Ei helg med mykje aktivitetar

Fuglekasser og bokstavjakt

Den tradisjonsrike Strandalaurdagen måtte vike på grunn av covid-19. I helga var alternativet arrangert
Nyhende

På og rundt området til Stranda feriesenter var det i regi av Stranda sentrumsforeining familiedag med mange ulike aktivitetar.

– Vi har diskutert oss fram til ulike familievenlege aktivitetar som er enkle å gjennomføre, seier Iris Marie Årdal Øverland i Stranda sentrumsforeining.

Bokstavjakt

Langs Storelva og på området vart det bokstavjakt der bokstavane til slutt danna eit ord. Dei som fant alle bokstavane og sorterte dei til riktig ord vart premierte.

I teltet vart tallerkar og papp dekorerte med måling i alle regnbogen sine fargar.

Utanfor slo det taktfast då spiker og tre møttest i fuglekassemontering. Kanskje blir dei bustad for fuglar anten i vinter eller neste vår?

Kjende skikkelsar

Ein annan magnet for barn er såpebobler, og dei var store, ja, nokre små også forresten. Nokre stod for blåsing medan andre helst ville sprekke dei ferdige boblene. Og medan dei gjorde det kom jammen både Ole Brumm og Tigergutt forbi. Venlege skapningar, men, ikkje like populær hos alle likevel.

I utkanten av området høyrdest «kling» og «klang». Det var lyden av hesteskokasting. Både små og store fekk testa kastehanda i konkurransen der «kløyvar» er av dei betre kasta.

Yoga

Mot slutten av eit fartsfylt arrangement er det kanskje på tide å roe ned pulsen? Løysinga var barneyoga. Barn med store auge og stor trong til å gjere øvingane riktig. Då passar det fint å involvere kjente omgrep som regn, sol og dinosaurar.

Aktivitetsdagen var eit samarbeid mellom Stranda sentrumsforeining og Stranda Feriesenter og det var arrangement både fredag og laurdag.

Kveldsarrangement

Fredagskveld var det standup show med André Ulveseter og laurdagskvelden stod trubadur Frode Hagebakk på scena.

– Vi er nøgd med besøket og synest det er eit godt tiltak å få i stand saman med Stranda sentrumsforeining, seier Helge Ibrahim, dagleg leiar ved Stranda feriesenter.