Søndag er soppens dag

Kantareller klare for å bli lagt i soppkurven  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

No på søndag er det soppens dag - sopp-plukkarar refererer gjerne til september som "sopptember". Skogen bugnar av sopp for tida, og no kan du få sjekka soppkurven av godkjende soppkontrollørar frå Ålesund nyttevekstforening.

Søndag stiller dei i Aasentunet i Hovdebygda, og arrangementet er ope for alle.

- Dette er eit sjeldant høve til å få matsoppen sjekka av ein godkjent kontrollør i området. Vi har samarbeida med nyttevekstforeninga i Ålesund i tjue år, fortel Aasentunet i ei pressemelding.

I år er det særskild fokus på smittevern, og både Aasentunet og nyttevekstforeninga har rutiner for å gjennomføre ein trygg soppkontroll.