Ei veke med arrangement i friluft

Friluftslivets veke

Laurdag gjekk startskotet for friluftlivets veke. I Løpet av veka er det ulike arrangement i heile landet

Ljøbrekka er ein populær tur og kan vere eit alternativ å gå i løpet av veka vi er inne i.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Fredag var det tjuvstart på veka med fleire arrangement i heile fylket. Friluftslivets veke som går frå 5. september til 13. september som Norsk Friluftsliv arrangerer. Foreininga er ein fellesorganisasjon for 18 norske frivillige friluftslivsorganisasjonar, mellom andre 4H og Den Norske Turistforening. Veka vart starta med at «heile Noreg» sov ute under open himmel. I fjor sov opp mot 100.000 ute i norsk natur på opningsdagen.

Fjellturar

DNT Sunnmøre og Stranda Turlag arrangerte saman fellestur til Jakta med start frå Øye i Norangsdalen.

Utover i veka er det ulike typar arrangement i heile fylket. Soppdag i Molde, padletur i Gurskefjorden og klatreturar.

Komande laurdag blir det ny tur med DNT Sunnmøre og Stranda turlag. Då er det Klovningsnebba i Sunnylvsbygda som skal bestigast. Dette er ein tur med vanskegrad fem og turen tek om lag tre timar til topps.

Friluftslivets uke sine nettsider kan ein lese om alle dei ulike arrangementa både i vårt fylket og elles i landet