Ulike smakar blanda med sjokolade

Inspirert av brunost

Jubileumsåret vart ikkje heilt som forvent, likevel er innehavar av Gerianger sjokolade, Bengt Dahlberg fornøgd med årets sesong

Bengt Dahlberg opna Geiranger sjokolade for ti år sidan. Tida har gått fort og det har vore heilt galskap at det har gått så bra seier han.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Det var ei bratt læringskurve frå tanken om eit sjokoladeri i Geiranger til produksjonen starta. Den utdanna fysioterapeuten ville gå nye vegar og tok difor eit lynkurs i produksjon av sjokolade. I eit av nausta i sjøkanten i Geiranger vart det sjokoladefabrikk i kjellaren og utsal i fyrste etasje. Fargane brun, som representerer sjokolade, og turkis, som representerer fargen i fjorden er gjennomgåande i interiør og emballasje. Turkis er i tillegg Dahlberg sin favorittfarge.