Søppel i naturen irriterar oss

Tur med meining

Ein ny undersøking syner at synet av søppel irriterar nordmenn mest når dei er på tur i naturen

Laurdag og søndag blir du utfordra til å gå ein tur med meining. Illustrasjonsbilde  Foto: Johnny Vaet Nordskog

Nyhende

Kanskje er ikkje den norske naturen like urørt som vi tenker den er. Nordmenn svarer at forsøpling er det vi irriterar oss mest på når vi går tur i naturen.

- Denne helga oppfordrar vi alle som har moglegheit til å gå ein tur og samtidig gjere ein liten innsats som har stor betydning for naturen og trivselen, forklarar Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv, og Hold Norge Rent samarbeider om «Tur med meining» under Friluftslivets uke som går føre seg til søndag 13. september.

Spor etter folk

Mykje av søpla som blir liggande igjen i naturen er matemballasje.

- Dessverre ser vi at mykje av søppelet som ligg i naturen errestar etter folk som har vore på tur. Matemballasje og eingongsgrillar er det vi ofte ser at folk legg igjen, seier Lise Keilty Gulbransen, dagleg leiar i Hold Norge Rent.

Ta med heim

Oppfordringa er klar; Pakk med ein ekstra pose og kombiner friluftsturen med noko meiningsfullt, plukk opp søppel du kjem over på turen, putt i posen og ta med heim og kast i søppeldunken.

Dersom ein kjem over forsøpling ein ikkje sjølv klarer å handtere bør dette rapporterast inn slik at det kan takast atk i under ein ryddeaksjon, forklarer Keilty Gulbransen