Fordobling samanlikna med i fjor

Fleire handlar på nett

Posten Norge melder om meir enn fordubling av netthandel i andre kvartal

Koronapandemien har gjort at vi handlar meir på nett meiner Posten. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK  Foto: Vidar Ruud

Nyhende

Den ferske statistikken Posten Norge AS presenterer i ei pressemelding syner at nordmenn handlar mykje meir på nett i år samanlikna med same periode i fjor. I andre kvartal var auka i landet på 60 prosent. Møre og Romsdal ligg noko under snittet med ein auke på 55 prosent samanlikna med same periode i fjor. Størst auke hadde Aure medan Vanylven hadde minst auke.

For Stranda sin del leverte Posten dobbelt så mange pakkar i år enn på same tid i fjor.

– Veksten har vore formidabel for alle typar netthandelspakkar. Det er ingen tvil om at koronasituasjonen har vore ein utløysande faktor. Vi hadde sett for oss ei jamn auke, men vi er nå på eit nivå som vi trudde vi skulle vere på om to til tre år, seier pressesjef Kenneth Pettersen i Posten.

Rett heim

Posten har i seinare tid lagt om måten å levere pakkar på og det er no enklare å få pakkene levert direkte heim rett i postkassa eller på anna avtalt plass. Dette er ein av grunnane til auka meiner Posten.

Auka har vore størst i Oslo, men også mindre byar og tettstadar har hatt markant auke.