Urdaneset-planane er påklaga til Miljødirektoratet

Hofseth Aqua AS har søkt om ny plassering av oppdrettsanlegg ved Urdaneset, rett nedanfor Skafjellet.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune stadfester i eit brev til Stranda kommune at handsaminga av Hofseth Aqua AS sin søknad om nytt oppdrettsanlegg ved Urdaneset er lagt på is inntil vidare.

Grunnen til dette, er at det har kome fire klager på Fylkesmannen sitt vedtak om å gi løyve til oppdrettsanlegget. Klageinnstansen i dette høvet er Miljødirektoratet.

Fram til Miljødirektoratet har kome med ei avgjerd, vil ikkje søknaden frå Hofseth Aqua bli handsama.

Oppdrettsplanane til Hofseth Aqua på Urdaneset har samtidig fått fleire innspel på framlegget til arealplan. Uteguiden AS og Visit Stranda er blant aktørane som har gått saman om å krevje oppdrettsanlegg på Urdaneset tatt ut av arealplanen.