Ryddar opp i gamalt rot

- Etterlengta dugnad

For 25 år sidan vart det fyrste Alperittet arrangert, det meste er plukka vekk, men gjennom åra har det likevel samla seg i traseen.

Frå Roaldshornet går Alperittraseen nedover fjellsidene. I løpet av åra har rusk og rask samla seg. No blir det fjerna frå naturen.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I fjellsidene nedover frå Roaldshornet har turgåarar kome over restar som skriv seg frå både Alperittet og Strandafjellet. På friviljug basis er ein del av restane samla i mindre dungar.