Ønsker prinsipp-vedtak om bruk av regnbogeflagget

Nyhende

Rådmannen ønsker at kommunestyret skal gjere eit prinsippvedtak om at Stranda kommune skal flagge med regnbogeflagget i samband med lokale pride-arrangement.

Kommunestyret har vedteke å flagge under Ålesund Pride, men dette er eit enkeltvedtak, ikkje eit prinsippvedtak slik rådmannen no tilrår.

Saka skal opp for kommunestyret onsdag neste veke.

Regnbogeflagget er eit internasjonalt symbol for kjønns- og seksualitetsmangfald, og har sidan 1978 blitt brukt i samband med arrangement til støtte for homofile og lesbiske sine rettigheiter. Denne gruppa har i dei seinare åra òg inkludert mellom anna bifile og transpersonar.

- Kostnaden ved ein slik flaggbruk vil vere minimal, men vi ha ei stor betydning for enkeltmennesket, skriv rådmannen.