Skjerpa karantenekrav på omsorgssentra i kommunen

Stranda omsorgssenter. Arkivfoto  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Kommuneoverlege Arne Gotteberg skriv i ei pressemelding torsdag at det er gjort vedtak om skjerpe inn karantenekrava for besøkande og vikarar ved omsorgssentra i kommunen.

Pårørande som har vore utanfor Noreg og vil besøke bebuarar på omsorgssentra, må vente 10 dagar etter heimkomst før dei kan dra på besøk.

Karantenekravet er no òg utvida til å gjelde personar som kjem til Stranda frå Bergen, Oslo eller Viken fylke. Dette punktet gjeld òg vikarar på omsorgssentra.

Det har dei siste vekene vore stor auke i smitte spesielt i Bergen og i Indre Østfold, men òg i Oslo og omegn.

- Vedtaka gjeld inntil smittesituasjonen er betryggande, skriv kommuneoverlegen.