Slår alarm om tilbodet til barn og unge på Stranda

Aksjonsveka om rus: Julie Winge heldt foredrag på Stranda i fjor haust. Frå venstre, Aud Tomasgard Berstad i Frivillighetssentralen, Julie Winge, foredragshaldar, Monja Svorkås Skogseth, pårørande kontakt og Gunnhild Vågseter, Helselaget.  Foto: Heidi-Beate Henningsen

Nyhende

Nestleiar i styret for Stranda Frivilligsentral, Marianne Fivelstad, slår alarm om tilbodet til barn og unge på Stranda på vegner av Stranda Frivilligsentral.

Dagleg leiar i Frivilligsentralen, Aud Tomasgard Berstad, har gått ned til halv stilling - og frå administrasjonen er det foreslått at dei resterande 50 prosenta blir ståande udekt ut året.

- Styret for Stranda Frivilligsentral ser med stor uro og undring på dei prioriteringane som administrasjonen gjer i denne saka. Det er tilsynelatande utelukkande økonomiske motiv som ligg til grunn for at 50 prosent av stillinga skal stå vakant, skriv Fivelstad.

Frykta er at administrasjonen sitt forslag skal bli ei permanent løysing.

Styret i Frivilligsentralen ser for seg at det ikkje vil bli mogleg å gjennomføre ei lang rekkje tiltak med halv stilling - deriblant redusert aktivitet i Aksjonsveka mot rus, redusert aktivitet i Open hall, Stikk ut og TV-aksjonen.

- Aksjonsveka mot rus er ein av dei største oppgåvene til sentralen, og er òg trekt fram i den ruspolitiske handlingsplanen som eit viktig førebyggande tiltak mot rus, skriv Fivelstad.

Open hall har vore eit svært populært tilbod blant ungdommane på Stranda, og er eitt av få aktivitetstilbod for ungdom utanfor idretten.

- Slik vi i styret i Frivilligsentralen ser det, er det ungdommane som står i størst fare for å miste noko av sitt tilbod, skriv Fivelstad.

Helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) har tidlegare uttrykt uro over at Frivilligsentralen kun skal stå med halv stilling ut året, og meiner dette gjer arbeidet med rusførebygging i kommunen vanskelegare. Dette vart vedlagt som omforeint framlegg i tilrådinga til kommunestyret. Det omforeinte framlegget vart frå HOK vart ikkje inkludert i kommunestyret sitt endelege vedtak om ruspolitisk handlingsplan.

Fivelstad har i brevet, som har blitt retta til rådmannen, spesielt bede om at brevet blir lagt fram for politisk utval - som i dette høvet er HOK.

Utvalsleiar i HOK, Jostein Dalen (SP), var ikkje kjend med brevet frå Stranda Frivilligsentral då Sunnmøringen ringde onsdag ettermiddag.

Dalen stadfester til Sunnmøringen at nedtrekk av stillinga ved Stranda Frivilligsentral ikkje er som ein følge av politiske vedtak.