Strandaordførar på nominasjonsliste

Fjerdevalg til stortinget

Nominasjonskomiteen til Senterpartiet har innstilt to strandarar i toppen av lista til stortingsvalet.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, står på fjerdeplass på nominasjonskomiteen si liste til stortingsvalet.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Nominasjonskomiteen til Senterpartiet i Møre og Romsdal er ferdig med sitt arbeid med stortingvalslista. På lista finn ein to strandarar.

Øverst står Jenny Klinge som også no sit på stortinget for Senterpartiet. På fjerdeplass på lista står ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad. På plassen bak finn ein Per Ivar Lied frå Liabygda.

Per Ivar Lied frå Liabygda står på 5.-plass. Arkivbilde 

Senterungdommen tok dissens på plass nr. 2 på lista. Dei innstilte Marit Nerås Krogsæter til denne plasseringen.

Senterpartiet sine lokallag hadde frist til 1. september til å gi tilbakemelding med forslag til fullstendig valliste i rangert rekkefølgje. Nominasjonskomiteen si innstillinga er no klar og endeleg vedtak blir gjort på nominasjonsmøtet 28. november.

Fullstendig liste over nominasjonskomiteens innstilling til stortingsvalgslista:

Nr. 1 Jenny Klinge, Surnadal

Nr. 2 Geir Inge Lien, Vestnes

Nr. 3 Marit Nerås Krogsæter, Ålesund

Nr. 4 Jan Ove Tryggestad, Stranda

Nr. 5 Per Ivar Lied, Ørsta

Nr. 6 Tove Henøen, Hustadvika

Nr. 7 Henrik Stensønes, Kristiansund

Nr. 8 Ingrid Waagen, Tingvoll

Nr. 9 Odd Helge Gangstad, Molde

Nr. 10 Lisa Marie Breivik Anderson, Ulstein

Nr. 11 Erling Laugsand, Averøy

Nr. 12 Magnhild Vik, Rauma

Nr. 13 Kristian Onsøyen, Molde

Nr. 14 Kirsti Dale, Ålesund