Busstilbodet på Indre

Konsekvensar for Ålesund-Stryn om streiken blir trappa opp

Fram sitt rutetilbod mellom Ålesund-Stryn held fram om streiken blir trappa opp. Det er rutene til Kringom som blir omfatta av ei eventuell opptrapping frå laurdag.   Foto: Arkivfoto: Møre og Romsdal fylke

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune fortel i ei pressemelding onsdag at streiken blant bussjåførar kan gi konsekvensar for rutetilbodet i fylket om streiken blir trappa opp frå laurdag 26. september.

Sjåførar i Kringom, som køyrer for Vestland fylke, vil då òg bli omfatta av streiken.

- Dette inneber at avgangar køyrd av Kringom på strekninga Ålesund - Stryn går ut. Avgangar køyrd av Fram (buss-selskapet til Møre og Romsdal, red. anm) vil gå som normalt, står det i pressemeldinga.

Ruta mellom Stryn og Ålesund som blir trafikkert av Kringom, er rute 520 i ruteplanleggaren. Avgangar køyrt av Kringom er merka i ruteplanleggaren, og vil ikkje gå om sjåførane i Kringom blir omfatta av streiken og så lenge streiken pågår.

- Streiken i Kringom vil òg påverke skuleskyss for enkelte elevar. Dei elevane dette gjeld, er varsla, skriv fylket.