Talet på innbyggjarar uforandra andre kvartal

Folkevekst: 0

Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin statistikk for andre kvartal viser at vi blir verken fleire eller færre

Det vart vekren fleire eller færre innbyggarar i Stranda kommune i andre kvartal 2020.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Når 2020 starta var det 4.523 registrerte innbyggjarar i Stranda kommune. Ved inngangen til andre kvartal i år var talet gått ned til 4.504. I løpet av månadane april og ut juni låg talet på innbyggjarar stabilt på 4.504 personar, og var altså likt både ved inngangen til og ved utgangen av andre kvartal.