Nytt folkehelsetiltak frå kommunen

Set ut sykkelstativ

Som ein av dei fyrste kommunane skal Stranda kommune plassere ut sykkelstativ som eit folkehelsetiltak

Til saman skal det plasserast ut 16 eller 18 sykkelstativ rundt i Stranda kommune. Illustrasjonsbilete.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Stranda kommune søkte om å bli med i eit prosjekt der sykkelstativ blir plassert ut i statleg sikra friluftsområde. I kommunen finn ein fleire slike område og det skal til saman plasserast ut 16 eller 18 slike stativ.

Det er Sunnmøre Friluftsråd som har kome med forslaga til utplasseringane i kommunen.

– Som meldt tidlegare, har vi fått «korona»-midlar frå Miljødirektoratet til dette. Føresetnaden var at det skulle gi arbeid til lokale bedrifter i ei vanskeleg tid, og at stativa berre skal utplasserast i statleg sikra friluftsområde, opplyser rådgjevar May Britt Haukås i eit skriv til medlemskommunane skriv Mørenytt

Stranda kommune er altså fyrst ute til å plassere ut stativa som er produserte av Simek i Stordal.

Alle fire bygdelaga får sykkelstativ, men med eit mogleg unntak av Liabygda. Dette er fordi Liabygda ikkje har nokon statleg sikra friluftsområde. Kva som skjer med desse to stativa er foreløpig ikkje avgjort.

Ved Flydalsjuvet er det foreslått 3 sykkelstativ  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Under kan du sjå fullstendig liste over kvar sykkelstativa blir sett ut.


Forslag til sykkelstativ

Her er forslaga til plassering av sykkelstativ

  • Helsemvika 3 stativ
  • Skaffarhaugen/Barlia 2 stativ
  • Øykjeberget 2 stativ
  • Badeplassen Hellesylt 2 stativ
  • Flofjellsvegen 2 stativ
  • Ljøsætra/Brekka 2 stativ
  • Flydalsjuvet 3 stativ
  • Liabygda* 2 stativ
  • * Liabygda har ingen statleg sikra friluftsområde, som er eit vilkår for utplassering. Kommunen vil diskutere med Friluftsrådet om dei to som er sette opp der kan flyttast til andre område av kommunen, eller om dei vil bli omdisponerte til andre kommunar

I tilknyting til Flofjellsvegen er det tenkt plassert 2 stativ  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær