Ny strategi frå Storfjordsambandet

- Vi må starte med brua først

Tunnel: Tunnel frå Engeset og Sve i Stranda til Velledalen og Hole (biletet) i Sykkylven er ein del av Storfjordsamband-prosjektet. Storfjordsambandet ønsker no å starte på fjordkryssinga mellom Aure og Magerholm for å løyse ut ferjeavløysingsmidlar, og meiner då at trafikkgrunnlaget vil auke så mykje at bompengefinansieringa av Hole/Engset vil bli vesentleg lågare enn opphaveleg tenkt.  Foto: storfjordsambandet

Nyhende

Storfjordsambandet sine tre delprosjekt – tunnel mellom Hole og Engeset, brukryssing frå Magerholm til Aure og veg/tunnel frå Magerholm til Digerneset – blir omprioritert. Strategien framover blir å selje inn planane til Ålesund, for å avdempe problemane på Vegsund/Moa/Blindheim. Med å etablere brua først, meiner Storfjordsambandet at trafikkgrunnlaget vil auke så mykje at Hole-Engeset kjem i kjølvatnet – og med vesentleg mindre bompengar.