Kortreist eller langreist tur

Gapahukens dag

Søndag er det tid for gapahukens dag og i den samanheng oppfordrar friluftsråda i Noreg folket om å besøke ein gapahuk

Gapahuken i Barlia  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Gapahukar er å finne i mange ulike formar og storleikar, felles er at ein kan søke ly for regn og vêr i dei. Søndag 27. september er det gapahukens dag og kva er vel då betre enn å legge søndagsturen på jakt etter ein gapahuk.

Gapahuken på Fløten park  Foto: Eivind Louis Helset

Ein gapahuk nær deg

I dei fleste bygdelaga i Stranda er der ein eller fleire gapahukar å besøke. I Liabygda er der gapahuk på Langemyra. På Stranda er der gapahukar mellom anna i Barlia, på Framhus og på Fløten. Stranda Rotary er i ferd med å sette opp ein ved hoppbakken på Strandafjellet. Langs Korsbrekkeelva på Hellesylt er der fleire ein kan sitte i og studere elva.

– Vi håpar at mange legger turen til ein gapahuk, for å vere med å hylle det kortreiste og enkle friluftslivet. Ta gjerne med mat og drikke for å gjere turen enda trivelegare, skriv Friluftsrådet på sine nettsider.

Fleire av StikkUt-turane går til ein gapahuk. Oversikt over turane i fylket kan du sjå her.

Del bilde

Nyttar du Sunnmøringen sin emneknagg, #Mittstranda, er du med og delar bilete av nettopp din tur til ein gapahuk på søndag.