Realistisk brannøving i Sunnylven

Øvde på husbrann

Brannmannskap frå heile Stranda kommune var med på brannøvinga på Hellebostad i Sunnylven
Nyhende

Det var eit eldre bustadhus brannmannskapa fekk moglegheit til å øve ulike scenarier på. I tre puljer fekk dei rundt 30 frivillige i brannvernet på Stranda, i Geiranger og på Hellesylt øve på røykdykking og slokking av brann på ulike måtar.