Fotoklubben feirar seg sjølv

Ti år med komponering av lys

For ti år sidan var det kalla inn til skipingsmøte for Stranda fotoklubb. Ein håpa på ti frammøtte. Initiativtakar til fotoklubben Svein Guldbrandsen måtte på stoljakt for dei førti fotointeresserte

Stranda fotoklubb feirar sine ti fyrste år med jubileumsmiddag og minneutstilling under fotodagane neste helg. Frå venstre: Svein Lunde, Kristbjørg Bjørndal og Karsten Helstad.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Sidan då har medlemstalet vore stabilt på mellom 50 og 60 medlemmar. Fleire av dei har vore med heile vegen sidan 2010. Medlemmane kjem i hovudsak frå Stranda, men også Sykkylven, Ørsta og Vanylven er representert. Dei yngste er i trettiåra og dei eldste over åtti.