Vaksine berre for risikogruppene

Fram til 1. desember vil berre personar i risikogruppene få tilbod om influensavaksinen på Stranda.

VAKSINE: Influensavaksina vil fram til 1. desember berre bli tilbode personar i risikogruppene. illustrasjonsfoto 

Nyhende

Grunnen til dette er enkel: Det er ikkje nok vaksine. Folkehelseinstituttet har kjøpt inn 1, 2 millionar dosar til målgruppene, men dei som bør ta vaksinen utgjer 1, 9 millionar ifølge NRK.

På Stranda vil eldre på institusjon og heimebuande med omfattande hjelpebehov få vaksinen i desember.

Massevaksinasjon for personar i risikogruppene vil få vaksinen i oktober/november, organisert i alle bygdelag i Stranda kommune.

Apoteka har tilbod om vaksinering, og utan resept. Informasjon om pris og opplegg, kan ein finne på nett – der ein òg kan bestille tid for vaksinering.