Busstreiken er over

Normal drift frå i ettermiddag

Foto: Arkiv  Foto: Møre og Romsdal fylke

Nyhende

Partane i busstreiken som har gått føre seg sidan 20. september har vorte samde om ei løysing torsdag morgon. Totalt la over 8.000 bussjåførar over heile landet ned arbeidet, og streiken har ramma heile landet.

På Indre fekk busstreiken konsekvensar mellom anna for bussruta mellom Ålesund og Stryn, då sjåførane frå Kringom vart tekne ut i strek laurdag.

Frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjer ein merksam på at ein forventar normal drift igjen frå og med torsdag ettermiddag, men at det kan bli forseinkingar.

– Busstrafikken startar opp frå klokka 12 torsdag. Det kan oppstå forseinkingar i ettermiddag, skriv fylket i ei pressemelding.

Skuleskyssen startar opp igjen torsdag frå klokka 12. Frå fredag skal trafikken gå som normalt.