Fører næringsstoff tilbake til naturen

- Å koke laks er ikkje berre rett fram

Lengst inne i Kyrkjegata ligg områdets største tonnasjeeksportør. Vital Seafood produserer både tørre og flytande ingrediansar til dyrefor av 130 tonn lakseslo som kjem til fabrikken kvar dag

Inne i fabrikken blir laksesloet kokt og filtrert og separert og tørka til fiskeolje og fiskemjøl.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Eksporten går til Europa, Thailand, USA, Canada og Tyrkia mellom andre. 130 tonn inn gir meir enn 50 tonn ferdig produkt kvar dag. Størstedelen er flytande olje spekka med omega-3. Om lag 36 tonn olje frå Stranda finn vegen ut i verda som fiskefôr i Middelhavet. Mjølet blir til dyrefôr til katt og hund, eksempelvis i USA.