Tre veker handsamingstid for innsynskrav

Ar­kiv­fo­to  Foto: Vidar Eliassen

Nyhende

Stranda kommune har krevd innsyn i dokument hjå Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal IKS, eit interkommunalt selskap Stranda kommune har eit samarbeid med.

Innsynsførespurnaden kjem til å ta tid, grunna stor pågang av innsynsførespurnader skriv sakshandsamar hjå Interkommunalt Arkiv.

- Grunna stor pågang av førespurnader er vi nøydde til å gjere prioriteringar. Innsynsførespurnader vert handsama innan tre veker, for førespurnader som gjeld avleveringslister vil sakshandsamingstida vere lenger.

Innsynskrav i offentleg postjournal og for offentlege dokument er omfatta av offentleglova sin paragraf 29 - som seier at kravet skal avgjerast utan ugrunna opphald.

Sivilombudsmannen har i ein tidlegare uttale slått fast at paragraf 29 gjeld frå ein til tre virkedagar. Koronaepidemien har ført til eit større press på innsynskrav, men regelen står fast.