Arbeid i Strynefjellstunnelane gir stenging og kolonnekøyring

Strynefjellet, RV15  Foto: Bengt Flaten/Fjordingen

Nyhende

Statens Vegvesen skriv i ei pressemelding torsdag føremiddag at spreningsarbeid som startar måndag 12. oktober fører til at det kjem til å bli periodar med kolonnekøyring og stenging av tunellane.

Oppljos-, Grasdal- og Ospelitunnellane på RV15 Strynefjellet skal verte oppgraderte, og ein skal sprenge ut nye snuplassar for brøytebil i alle tre tunnelane.

- Arbeidet vil skje parallelt med utskiftinga av lysanlegg, som er i gang. I samband med sprenginga må ein stenge tunnelane i lengre periodar av gongen. Arbeidstidane vert difor utvida frå og med 12. oktober, skriv Vegvesenet.

På dagtid fram til klokka åtte om kvelden vil det bli styrt trafikkavvikling med kolonnekøyring kvar heile klokketime. På dagar med nattarbeid vil tunnelane vere stengde mellom klokka åtte om kvelden og klokka fem på morgonen. Det blir under stenginga opna for gjennomkøyring klokka 22, klokka 23, klokka 00 og klokka 03.

Bussar i rutetrafikk og utrykningskøyretøy vil sleppe igjennom med minst mogleg ventetid, opplyser Vegvesnet.

Desse arbeidstidene vil gjelde fram til nyttår - oppgraderingane av Strynefjellstunnelane er venta å vere ferdig til sommaren neste år.