Feira tett tak med kake og flagg

Kranselag på skulen

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, kom med pizza og eplemost til arbeidarane på Sunnylven Skule. Entreprenøren HT Bygg stod for tett tak på skulen

Kranselag er ein gamal tradisjon. Snekkerana flaggar når taket er tett og då har byggherren ei veke på å stelle til fest. Taket på Sunnylven skule er no tett.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Kranselag som er ein tradisjon tilbake til 1400-talet i Sentral-Europa er ulik frå land til land. Det er ikkje kransekake som står sentralt, men derimot ein blomsterkrans namnet spinn rundt. Tradisjonen seier at snikkarane skal sette opp ein krans eller busk i mønet som ei utfordring til byggherren som i sin tur har ei veke på å invitere til fest. Også flagg er nytta i denne tradisjonen. (Kjelde; Store Norske Leksikon).