Nedgang i ferjetrafikken

Ein tredjedel av fjoråret

The Fjords transporterte berre ein tredjedel turistar på Geirangerfjorden samanlikna med sesongen i fjor

Bilferja Veøy gjekk åleine mellom Hellesylt og Geiranger i årets sesong.   Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Det var fleire faktorar som påverka ferjesesongen på Geirangerfjorden i år. Koronapandemien sette stoppar for den planlagde oppstarten som var 1. april. Når så smittesituasjonen var under kontroll kom trafikken i gang 12. juni. Til vanlig ville både BF Bolsøy og BF Veøy trafikkert strekninga, men The Fjords valde å la Veøy trafikkere strekninga åleine. Inne på ferja var det også restriksjonar for å halde oppe smitteverntiltaka. Det førte til at berre 200 passasjerar kunne reise på kvar tur.