TV-aksjonen går føre seg på søndag

– Bli digital bøssebærar

DIGITALT: TV-aksjonen går i år føre seg kun digitalt, ikkje med fysiske bøsser. Ordførar Jan Ove Tryggestad og leiar i Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad er spente på resultatet. 

Nyhende

Ordførar Tryggestad og leiar av Frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad oppmodar om at strandarane melder seg som digitale bøssebærarar.

– I år kjem ikkje bøssebærarane på døra i samband med TV-aksjonen, minner dei på.

TV-aksjonen går føre seg på søndag, og i år blir det ikkje fysiske bøsser - men digitale.

– Ein kan melde seg som digital bøssebærar på NRK sine sider om TV-aksjonen. Då får ein ei lenke til den digitale bøssa til bruk på digitale media. Ein kan gje via mellom anna Vipps, SMS, telefon og den klassiske bankgiroen. Ein kan gi til TV-aksjonen heilt fram til 1. november, seier Berstad.

Pengane frå TV-aksjonen skal i år gå til WWF og deira arbeid for å hindre plastforsøpling av verdshava.

– For Stranda er denne aksjonen viktig. No er vi ikkje fullt så råka av plastforsøpling som andre område langs kysten, men vi lev av sjøen her inne òg, minnar ordføraren på.

Han voner mange vil stille opp som digitale bøssebærarar, og er spente på resultatet.

– I år er eit unntaksår på alle vis. Men kommunen vil iallefall både stille som digital bøssebærar, og auke beløpet vi gir til TV-aksjonen i år, seier han. Tidlegare har kommunen gitt 10.000 kroner til TV-aksjonen, i år blir beløpet 15.000 kroner.