Den nasjonale refleksdagen

Bli sett i mørket

I dag er den nasjonale refleksdagen. Berre ein av fire brukar reflkes når ein er ute og går i mørket.
Nyhende

Like sikkert som at kalenderen snur til oktober blir både kveldar og morgonar mørkare. Frå Trygg Trafikk og andre aktørar som arbeider med sikkerheit for alle trafikantar kjem ei påminning om 15. oktober. Den nasjonale refleksdagen.

Politiet reiser rundt og deler ut refleks til barn og unge og minner dei samtidig på kor viktig det er å bruke refleks. Og barna er flinke til å bruke refleks.

For få brukar refleks

Kva då med dei vaksne? Det er jo dei som tek på barna sine refleks. I ei undersøking gjennomført av Kantar for Trygg Trafikk og Fremtind syner at berre ein av fire fotgjengarar seier dei bruker refleks når dei er ute og går tur.

Også mobilen er ei utfordring viser undersøkinga. Kvar femte under 30 år seier at deira bruk av mobil har ført dei ut i anten påkøyringar eller farlege situasjonar når dei har gått i mørket.

Dei fleste seier i undersøkinga at det er fotgjengaren sitt ansvar å vere synleg i mørket, men på same tid meiner dei også at bilførarar må betre merksemda i trafikken når det er mørkt.

Nær halvparten seier dei bruker refleks ganske ofte.

– Vi droppar gjerne refleksen på korte turar eller når vi går i opplyste gater, men det er like viktig å bruke refleks då som elles i mørket, seier kommunikasjonsrådgjevar i Trygg Trafikk, Ann-Helen Hansen i ei pressemelding.

Ønsker påbod

Nordmenn forstår effekten av refleks viser undersøkinga. 96 prosent svarer at auka bruk av refleks bidreg til å redusere farlege trafikksituasjonar i mørket. Åtte av ti ønsker ei reflekspåbod.

Grunnar til å nytte refleks

Nokre faktapunkt knytt til refleksbruk er verdt å merke seg;

– Ein bilsjåfør i 50 km/t ser deg berre to sekund før bilen passerer dersom du går i mørket utan refleks. Brukar du refleks vil bilisten sjå deg vel ti sekund før.

– Ein bilsjåfør med nærlys vil sjå ein fotgjengar med refleks på 140 meters avstand. Utan refleks er du først synleg for bilisten på vel 25 meters avstand.

– Undersøkingar frå tidlegare år har vist at vel 40 prosent av ulykker der fotgjengarar omkjem, skjer i mørket.

– Refleks er ferskvare. Slitasje og riper svekker effekten. Derfor bør du skifte dei ut minst kvart tredje år. Refleksvestar mistar effekt etter vel 20 gongar i vask.

(Kjelde: Tryg Forsikrings 12 viktigaste grunner til at du bør bruke refleks).