Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel

Snø venta til helga

Nyhende

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for helga kva gjeld snø.

Det er venta snø frå laurdag kveld over 400 til 600 meter i Nordfjord og i Møre og Romsdal. Søndag er det venta at snøgrensa går ned mot 200 til 500 meter.

- Rekn med å bruk ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, er oppmodinga frå Meteorologisk Institutt.