Fagforeininga til norske journalistar

Sunnylving vil bli ny NJ-leiar

Dag Idar Tryggestad frå Sunnylven har vore nestleiar i Norsk Journalistlag sidan 2017.  

Nyhende

Sunnylvingen Dag Ingar Tryggestad fortel til journalistene sitt fagblad Journalisten at han ønsker å bli ny leiar for Norsk Journalistlag (NJ).

Tryggestad har vore nestleiar i NJ sidan 2017, og vart attvald i 2019. Tryggestad er i permisjon frå Bergens Tidende, der han òg har vore klubbleiar i redaksjonen.

Tysdag varsla leiaren for NJ, Hege Iren Frantzen, at ho ikkje tek gjenval når NJ sitt landsmøte i mars skal velge ny leiing.

- Eg vil gjerne seie tusen takk til Hege Iren, som har sitt femtande år som tillitsvald på heiltid, der åtte år har vore som nestleiar og leiar. Om ein takkar ja til å vere nestleiar, må ein òg ha gjort seg nokre tankar om det å bli leiar. Når Hege Iren ikkje tek gjenval, er eg klar til å ta over leiarvervet om organisasjonen ønskar det, seier Tryggestad til Journalisten.