Med blålys i blå auge

Barna i Sunnylven barnehage fekk eit nært møte med uniformert politi.

Politiet på besøk: Ein etter ein kom barna. Ikkje alle ville vere med på bilete, men politi på besøk, det var stor stas. Alle Foto: Eivind Louis Helset 

Nyhende

Politibetjentane Ole Ringstad og Kristine Ødegård stod utanfor barnehageporten i full uniform og uniformert politibil. På bilen stod blålysa og blinka og fanga interessa til dei små.

Dei to fortalde om arbeidet dei har og informerte om refleksbruk som er viktig no framover når dagane blir mørkare. I samanheng med refleksdagen delte dei også ut refleks til alle barnehagebarna.

Etter kvart fekk barna også kome ut og inspisere politibilen. Det var mange store auge som såg på alt frå refleks til dei blinkande blå lysa.

Førskulebarna Leonard, William, Oliver og Sakarias tok ein liten prat med Sunnmøringen. Dei var einige om at det var tøft å ha politiet på besøk. Dei hadde full kontroll også på kva politiet sitt arbeid går ut på.

– Politiet fangar tjuvar, og så har dei polititraktor og politibil og politihelikopter, seier William på fem.

Politibetjentane fortalde med eit smil at dei var ute og rekrutterte til politiyrket og det viste seg å gi god utteljing blant førskulebarna.

To av dei skulle bli politi og to skulle bli fjøsmanna var konklusjonen.