Snø kan føre til vegstenging

  Foto: Statens vegvesen

Nyhende

I helga er det meldt snø i vårt område ned til 200 til 400 meter. Dette gjer at Vegvesenet no går ut og informerer om at FV63 Trollstigen og FV63 Geiranger – Langvatn mot Skjåk kan bli stengd på kort varsel.

– Høgste punkt på Trollstigen er 852 meter over havet og på strekningen Geiranger-Langvatn er vi over 1000 meter over havet. Om det kjem snø som legg seg på vegane vil dei bli stengde på kort varsel. Folk som planlegg å køyre her må sjekke vegmeldingane og vere førebudd på at vegen kan bli stengt, seier byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Begge vegane blir normalt stengt for vinteren i november/desember.

– Trafikantar som planlegg å køyre i høgda bør forsikre seg om at dei er skodd etter føret og tilpasse farta etter forholda, seier Berge.