Sunnmøringen og Stranda mållag utfordrer barn og unge

Skriveleik!

Illustrasjonsfoto  Foto: lev dolgachov

Nyhende

Korleis er det å vere ung i Stranda kommune, mon tru?

Kva er bra, kva er dårleg – korleis er her å bu

Ta penna fatt, ta fram mobilen

Skriv inn, så fjernar me tvilen


Dei vaksne kan tru kva dei vil

Men det er de unge som veit kva som skal til

Fortel kva du gjer på, fortel kva det går i

Fortel oss historia di - kva interessa di går i

Ønsker du ungdomsklubb, ønsker du open hall

Ønsker du pumptrackbane for knall og fall?


Send oss eit bilete saman med tekst

Du vel sjølv kva format som passar deg best

Emneknagg, dikt, haiku eller limerick?

Der set vi ikkje grenser og gir ikkje kritikk

Leik deg med bilete og leik deg med ord

Om plassen din – er det den beste staden på jord?


Send inn ditt bidrag til sunnmoringen@sunnmoringen.no

Vi ønsker oss 900 teikn, helst i kombinasjon tekst/bilete. Vi set ingen ytterlegare avgrensing, anna enn at tema er «Ung i Stranda kommune».

Innsende bidrag må innehalde namn og alder på innsendar, og gjerne òg skule/bygdelag. Frist i denne omgang er sett til 1. desember.

Og ja: Vi har kjøpt inn premiar!

Vi gler oss!

Renate Furre Henriksen-Sandvær

Bladstyrar, Sunnmøringen