Startskot for kulturdugnad

Saman for kulturhuset

I helga går startskotet for ein kulturdugnad til inntekt for Storfjord kulturhus.

Stranda kulturskule står i spissen for kulturdugnaden som går til inntekt til Storfjord kulturhus. Rektor Trond Otto Berg inviterer til lunsjkonsert.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Cembaloen står i midten når Stranda kulturskule inviterer til opninga av kulturdugnaden. Saman med Askjell Molvær, skal lærarar og elevar ved Stranda kulturskule innvie cembaloen med lunsjkonsert.

– Molvær var i mange år lærar ved kulturskulen og snakka alltid varmt om cembalo med eit ønske om at kulturskulen skulle kjøpe inn eit slikt instrument fortel Trond Otto Berg, rektor ved kulturskulen.

Konserten med cembalo i fokus vil ha eit repertoar av barokkmusikk.

Brukar kulturhuset

Kulturskulen har Storfjord kulturhus som base og store delar av undervisninga går føre seg i dette bygget. Slik sett er det naturleg at kulturskulen engasjerer seg i drifta av kulturhuset som no har store økonomiske utfordringar.

Konserten laurdag er eit av foreløpig to planlagde arrangement som skal skaffe inntekter til kulturhuset. 23. januar blir det ein større konsert der fleire lokale aktørar deltek.

– Vi veit eigentleg ikkje kor heldige vi er som har kulturhuset her i bygda, seier Berg.

Meir aktivitet

Han og kulturskulen er opptatt av at huset blir brukt av innbyggarane i kommunen og ønsker innspel på korleis ein kan få opp aktiviteten og bruken av huset.

– Er der idear der ute tek vi imot med takk, seier han.

Dei to konsertane går under paraplyen dei kallar kulturdugnad. Ein dugnad som må gå føre seg mellom kulturen og publikum.

Korona har i stor grad påverka økonomien til kulturhuset med dei restriksjonane som til kvar ein tid har vore innført. Dagens situasjon er at storsalen har plass til 200 publikum. Berg påpeikar at det er trygt for publikum å kome på arrangement i kulturhuset. Det er stor tilgang på handvask og handsprit, i tillegg til at kulturhuset gjennomfører regelmessig vask.

Fortset dugnaden

Sjølv om dei to konsertane har kome til som eit direkte svar på den akutte krisa i kulturhuset vil dugnaden fortsette også i ettertid.

– Vi ønsker å vise at kulturlivet treng kulturhuset; det er no toget går, seier Berg.

Håpet er at situasjonen normaliserer seg etter kvart. Dugnaden har ikkje sett seg noko konkret kronemål. Dei har fokus på å få opp bruken av kulturhuset.

Som ei gulrot til dei som støttar dugnaden er valfrie konsertbillettar neste år lagt inn i premiepotten.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyhende