Korona-råd for jula

  Foto: Ole Tommy Hanssen

Nyhende

Kommunelege Arne Gotteberg går ut med råd i samband med julehøgtida, som er knappe fem veker unna.

- Det er viktig å gjennomføre julehøgtida på ein smittevernmessig god måte. Råda kan hjelpe til at juleferien både kan verte den høgtid og samling vi ønsker, og at ho vert trygg, skriv Gotteberg i ei pressemelding tysdag føremiddag.

- Siste veka før du reiser på juleferie, så må du passe på at du har så få kontaktar med andre som råd er. Pass på å halde godt smittevern når du reiser, og vi tilrår at du tek koronatest ved stasjonane våre så snart du kjem heim. Du må bestille time for dette, minner Gotteberg om.

Han tilrår at fram til ein fram til svaret på koronatesten er klar, kun har kontakt med nærmaste familie der du bur.

- Beste foreldre og venner får vente på deg desse dagane, seier Gotteberg.

Og til slutt: Hald avstand, ha god handhygiene - og ver frisk når du går i selskap.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyhende