Væpna aksjon på Stranda

Politiet gjekk måndag til væpna aksjon på Stranda og arresterte tre personar som blant anna er mistenkte for ulike tjuveri.

Politiet rykka ut til stor og planlagt aksjon på Stranda.  Foto: Arkiv

Nyhende

– Vi pågreip tre menn på ulike adresser. Det er frå Lithauen, og dei er mistenkte for diverse vinningstjuveri, deriblant pelstjuveri. Per no kan vi seie at pelstjuveriet i Norangsdalen 4. desember er oppklart. Og pelsen blei funnen under aksjonen. Pelstjuveriet på Dombås/Lesja litt seinare same månad blei også oppklart under denne aksjonen. Pelsen er funnen og levert tilbake til eigarar, opplyser etterforskingsleiar Grete Hjelle.

Ho vil førebels ikkje seie så mykje, for saka er stadig under etterforsking. Men ho fortel at lithauarane har budd ei stund på Stranda og i Sykkylven. Alle tre er varetektsfengsla for fire veker, og det vil pågå etterforskning for fullt i den perioden.

Pansra køyretøy og våpenbeslag

– Sunnmøringen har fått tips om pansra køyretøy og hundar som blei brukt i aksjonen på Stranda. Stemmer det?

– Ja, det var ein væpna aksjon og det blei brukt nark-hundar.

Hjelle stadfestar også at saka dreiar seg om meir enn berre tjuveri.

– Hadde dei pågripne våpen?

– Ja, det blei faktisk tatt beslag i våpen på den eine av adressene, svarer Hjelle.

Henta tjuvgods dagen etter

Etterforskingsleiaren stadfestar også at politiet møtte opp på ei av dei større bedriftene på Stranda, men understrekar at bedrifta ikkje har noko med saka å gjere sjølv om ein av dei pågripne har jobba der.

Sjølve aksjonen var måndag, men deler av beslaget blei henta på tysdag, då politiet også blei observert på Stranda.

– Godt politiarbeid

– Vi fann vel det vi forventa å finne. Vi har hatt lang tids etterforskning, godt etteretningsarbeid og eit godt treff med aksjonen vår.

På spørsmål om kva verdiar som blei funne, fortel Hjelle at det blei tatt beslag i pels til ein verdi av 300.000 kroner. Kor store verdiar det elles vart funne, vil det kome meir opplysningar om seinare.

Politikvinna gir uttrykk for at det ikkje var planen å seie så mykje no, men at ho meiner det er viktig å informere gjennom Sunnmøringen så ikkje folk på Stranda går og lurer på kva som hendte.

Del av ei større sak

Dei mistenkte skal ikkje vere særleg kjent i politiet sine register frå tidlegare.

– Aksjonen denne veka er del av ei større sak som vi jobbar med, og eg vil ikkje seie for mykje per no, men vi skal informere meir etter kvart, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle.