Vil granske "gullbryllup"

Frank Sve (Frp) har fått invitasjon til "gullbryllup" 7. mars, og reagerer med å be kontrollutvalet i Stranda om å granske heile saka.

Frank Sve (Frp) meiner han har blitt sett utanfor planlegginga av ein gullbryllupsfest.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

– Eg har fått invitasjon til eit gullbryllup med festprogram, mat og så vidare for å markere samanslåinga av Stranda og Sunnylven kommune for 50 år sidan. Så spør eg om det er gjort vedtak om eit slikt arrangement? Nei. Er det budsjettdekning? Nei. Er det vedteke i  Helse, og oppvekst og kulturutvalet, eller andre plassar å opprette ei arbeidsgruppe rundt dette her? Nei., spør og svarer Frank Sve.

Har ikkje fått vere med

Framstegspartiet sin gruppeleiar i Stranda hevdar overfor Sunnmøringen at både partiet hans og formannskapspolitikarane generelt er sett utanfor og ikkje fått handsame noko om arrangementet.

– Ordførar Jan Ove Tryggestad driv kommunen som sin eigen butikk. Det er ikkje snakk om å diskutere i formannskapet og med politikarane, vi blir sett heilt på gangen, seier Sve.

Mange tiltak treng pengane

Han understrekar på den eine sida at han ikkje har imot å markere 50-årsjubileum for samanslåinga med Sunnylven, men at han vil bli involvert. På den andre sida listar han opp mange tiltak som han meiner skulle hatt desse pengane: "Det er utruleg mange andre område innan skule, barnehage eller pleie og omsorg som sikkert hadde hatt behov for desse midlane. Leirskule til ungane ikkje minst", skriv han no i eit brev til kommunestyret og kontrollutvalet.


Snart «Gullbryllaup» for Stranda og Sunnylven

Den 1. januar er det 50 år sidan Stranda og Sunnylven vart ein kommune. Det skal markerast med eit skikkeleg «gullbryllaupsfest» i Storfjord Kulturhus.

 

Brevet, datert 6. februar, har tittelen "tiltak sett i verk utan politiske vedtak samt gyldig budsjettvedtak". I brevet antydar han at eit slikt arrangement vil koste ein stad mellom 50.000 og 100.000 kroner. "Dette er pengar som ikkje er avsett", slår Frank Sve fast før han ber om gransking av mangel på vedtak, budsjett og ordføraren sitt myndeområde.

Ordføraren har orientert

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) seier til Sunnmøringen at "det er godt muleg at Frank Sve ikkje har vore til stades begge gongane eg har orientert formannskapet".

– Vi snakka om at vi skal ha ei markering i all enkelheit i kulturhuset. Det er kommunen sine eigne kulturkrefter som stiller opp. Dette er ein kjempedugnad der vi ikkje har møtt eit einaste nei frå dei vi har spurt. Vi har ikkje tenkt å legge opp til at nokon skal tene pengar på det, men vi må dekke kostnader til leige av kulturhuset og til mat og kanskje litt til dei som skal reise, seier Tryggestad.

Midlar til kommunereform?

Han trur kostnaden blir mellom 15.000 og 20.000 kroner, og forventar at kommunen greier å dekke kostnaden innanfor dei budsjetta ein har, til dømes frå midlar ein har mottatt til kommunereformarbeidet. Då kan ein sjå både bakover og framover når det gjeld kommunesamanslåing.

Bråk kan føre til avlysing

– Eg hadde forventa at formannskapet stod samla om dette, men viss formannskapet meiner at ordførar eller andre har gått for langt i denne saka, er det berre ein ting å gjere; det er å reversere det.

– Kva betyr det?

–  Det blir i så fall å avlyse, seier ordførar Tryggestad.

"Dugnadskomiteen"

Komiteen som har jobba med å planlegge "gullbryllupsfesten" er ordførar Jan Ove Tryggestad, leiar for Helse, oppvekst og kulturutvalet Arild Ringdal (Ap), leiar for frivilligsentralen Aud Tomasgard Berstad, leiar for servicekontoret Evelyn Omenås og kultursjef Marianne Omenås.

Feiringa av kommunesamanslåinga var opphavleg tenkt i slutten av januar, men blei flytta grunna kollisjon med andre arrangement.


Snart «Gullbryllaup» for Stranda og Sunnylven

Den 1. januar er det 50 år sidan Stranda og Sunnylven vart ein kommune. Det skal markerast med eit skikkeleg «gullbryllaupsfest» i Storfjord Kulturhus.