Skredet kunne ført til døden

Søndag gjekk det eit snøskred på Fursetsida på Strandafjellet.– Det var inga bombe at det gjekk skred der i dag, seier skredeksperten Oscar Almgren.
Nyhende

– Hadde han køyrt fem meter lenger ut, hadde han kanskje ikkje overlevd i dag. Det kan vere konsekvensen av eit slikt skred, seier Oscar Almgren i Uteguiden AS til Sunnmøringen om hendinga søndag ettermiddag.

Almgren, som har ansvaret for skredvarslinga ved Stranda Skisenter meldte klokka 13.45 frå til politiet om snøskredet som vart utløyst like før på Fursetsida på Stranda. Så seint som på fredag gjekk det eit skred på Roaldssida.

– Raset blei observert av fagkyndige ved skianlegget ved Strandfjellet Skisenter – som også bekrefta at ingen personer har kome til skade i raset.Politiet gjer merksom på skredfare og ber publikum om å vise varsemd, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Flakskred på 150 cm tjukne

Almgren fortel at han var ute på ei offpistguiding med ei gruppe då dei møtte to skiløparar, og at den eine hadde løyst ut eit flakskred. Skredet hadde ei tjukne på opp mot 150 centimeter.

– Begge hadde skredsøkar på seg, men dei hadde ikkje søkestang og heller ikkje spade. Det var flaks at ingen av dei hamna under snøen, for det er vanskeleg å grave opp nokon om ein ikkje har spade med seg.


Stort skred på Roaldshornet

Eit stort skred gjekk på Roaldshornet fredag ettermiddag.


Fagmannen på skred understrekar at ein både må sjekke skredvarslinga og ha med seg rett utstyr.

– For folk som køyrer heisbasert på Strandafjellet har vi skredvarsling på skianlegget. Vi varslar ikkje berre faregrad, men har retningslinjer. Kvar er det størst skredfare? Kva stader bør ein unngå? Og slikt. Det finst ei tavle med informasjon utanfor der det er skiutleige og ei utanfor varmestova.

Om ein ønskjer seg på topptur utanom skianlegget, kan ein sjekke varsom.no. Der er det skredvarsel for ein større region, men lokalvarselet for Stranda er meir nøyaktig fordi det gjeld eit mykje mindre område.

Må trene med utstyret

– Skal ein ut og køyre offpiste bør ein i tillegg til å ha med skredsøaer, søkestang og spade ha trent med utstyret. Det er ikkje nok å berre å ha kjøpt utstyret. Atfor mange har utstyret, men har ikkje trent med det.

Almgren peikar på kor gale det kunne ha gått i dag. Brotkanten var ein og ein halv meter på det høgste.

Døyr av krafta frå skredet

– Det er eit skred du dør av viss du reiser med det og blir begravd. Det handlar ikkje om at ein ikkje får luft når ein ligg under snøen, men om krafta frå skredet. 20 prosent av dei som blir heilt begravde under snøen, dør av trauma, altså at dei blir slått i hel. Dei har døydd før skredet har stogga.

– Bruk skredutstyr og bruk hovudet, understrekar Almgren.

Han seier at det i dag var faregrad tre. Det har vore mykje vind og nedbør, og dette er teikn på skredfare. Både skianlegget og fjellovergangar har vore stengte, og trass alle teikn på skredfare er det folk som går ut og blir tatt i skred. Det er viktig å vite at problemet når ein blir tatt av skred ikkje er at ein får snø innanfor jakka, men at konsekvensen er at ein døyr.

Almgren har hatt eit toppturkurs i helga, og i dag var det meir heisbasert køyring ut frå skianlegget. Han slår fast at det ikkje er farleg å vere ute og køyre når det er skredfare tre, så lenge ein veit kva plassar ein kan køyre på og kva stader ein bør unngå.

Ikkje noko bombe

– I dag visste vi at det har blåst frå nordvest i fleire dagar med nedbør. Så då er det aust til søraustvendte heng som er mest utsett. Leformasjonar. Og der skiløparen løyste ut skred i dag går det skred fleire gonger kvart år, så det er ikkje ei bombe at det gjekk eit skred akkurat der. Derimot kan ein køyre andre stader som ikkje er farlege viss ein reduserer på køyr bratt ein køyrer.

Bruk hovudet

– Er det mange som ikkje sjekkar varsel, eller ikkje bryr seg?

– Dels er det mange som ikkje sjekkar, og så er det slik at folk ikkje forstår alvoret heilt. For det er slik at på skrefare tre kan det gå fint mange dagar ved at ein klarer å unngå å løyse ut eit skred. Men det kan vere på grunn av flaks. Sjølvsagt er det viktig å ha med seg skredutstyr, men det viktigaste er å ha med seg hovudet.

Skredeksperten understrekar kor viktig det er å lese skredvarselet. Så lenge det finst snø, kjem det til å vere skredfare på fjellet. Men det vareierer med ulik høgde og ulik himmelretning kvar det er mest utsett.

Nye kurs for interesserte

– For folk som vil lære meir om skred, kva tid har du skredkurs igjen?

– Vi skal ha eit to og ein halv dags kurs til helga. Og så er det eit nytt kurs siste helga i februar. Det er ledige plassar ved begge kursa, fortel Oskar Almgren.

Her kan du sjekke forholda på varsam.no.


Stort skred på Roaldshornet

Eit stort skred gjekk på Roaldshornet fredag ettermiddag.