Spreke tilbod til hausten

Vestborg vidaregåande skule utvidar med to studiespesialiserande program.

Rektor Geir Magne Engås og lærar Hanne Welle ved Vestborg vidaregåande. I bakgrunnen er flagget til Tanzania. 

Nyhende

Eitt av dei nye programma er i samarbeid med Kristen Idrettskontakt (KRIK), medan det andre har eit internasjonalt fokus. Begge går over eitt skuleår, og undervisning og aktivitetar kjem i tillegg til den vanlege skulekvardagen.

– Vi kjem ikkje til å ha nokon eksamen i desse to programma. Det vi ønskjer er at elevane skal få gleda av å lære seg noko utan karakterpress. Fokuserer ein på læring utan pugging, kan dette føre til varig lærdom, seier lærar Hanne Welle.

Internasjonalt program

Welle er ansvarleg for det nye internasjonale programmet.

Planen er at klassen skal lære om mellom anna misjonsarbeidet til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i Tanzania og om geografi, kultur, sosiologi og humanitært arbeid.

Welle har sjølv besøkt Tanzania fire gonger. I vinterferien 2016 tek ho med seg heile den internasjonale klassen dit.

– Turen vil vare i ti dagar. Vi dreg i vinterferien slik at elevane ikkje går glipp av noko undervisning. Planen er at vi avsluttar faget tre veker etter at vi kjem heim. På den måten får alle konsentrere seg om eksamenane i mai, fortel Welle. 

Programmet vil ta ein ekstra time i veka, og undervisningsspråket er engelsk.

Med puddergaranti

Det nye KRIK-programmet har ein sprek vri. Det kjem nemleg med pudderalarmgaranti.

Dette inneber at når Strandafjellet er rikt på puddersnø, får elevane lov til å gå frå skulen for å nyte forholda.

– Det ligg nokon avgrensingar i garantien, men om det ikkje er nokon prøvar eller liknande den dagen kan ein ta igjen undervisninga seinare på ettermiddagen, seier rektor Geir Magne Engås.

Vestborg, som er ein internatskule, kan vere litt fleksible kva vedkjem undervisningstid.

– Vi skal finne ei løysing på dette reint praktisk. Då kan det vere at undervisninga blir lagt til seinare på ettermiddagen same dag, eller at elevane tek det som står på timeplanen som sjølvstudium, seier Engås.


Fri losji for lokale elevar

Etter jul opna internatskulen Vestborg vidaregåande dørene for elevane som bur aller nærast.

 

Leiartrening

Gjennom KRIK-programmet vil hovudfokus vere å oppdage gleda ved å bruke naturen aktivt. Planen er å få til både toppturar, surfing ved Stad og padling i Geirangerfjorden.

Men gjennom KRIK er det òg fokus på leiartrening.

– Vi legg opp til at elevane skal lære seg organisering og relasjonsbygging gjennom å vere leiar i KRIK-laget på Stranda. Då er ein mellom anna med og arrangerer den årlege offpisteleiren, seier Engås.

Fokus på påbygging

Til saman er det sett av 50 plassar til dei to nye programma.

 Alle klasser kan søkje på KRIK-programmet. Når det gjeld det internasjonale programmet, er dette for dei som skal byrje på andre eller tredje året, eller dei som er påbyggingselevar.

Offisiell søknadsfrist er 1. mars, men dei vil ta i mot søknader òg etter den datoen.

– Sidan desse tilboda er utanom det ordinære opptaket, må ein søkje på begge programma direkte frå heimesidene våre, seier Engås.

Det vil vere først til mølla-prinsippet som gjeld.

– Det kan bli slik at dersom du ikkje får plass det første året, kan du sikre deg plass på det programmet du ønskjer til neste år, forklarar rektoren.

Welle seier at dei ønskjer å inkludere påbyggingselevane først.

– Dei er her berre i eitt år. Av den grunn føler vi til tider at dei blir litt «avspist» i forhold til kva dei får vere med på av reiser og turar.


Fri losji for lokale elevar

Etter jul opna internatskulen Vestborg vidaregåande dørene for elevane som bur aller nærast.



- Det har vore ein inspirerande tur

Ole Johannes Lindseth og Sylvi-Anne Tøsse (begge 18) kom heim til Stranda på laurdag etter halvannan veke i Japan.

 

Russ gav pengar til Etiopia

Vestborgrussen nådde årets mål på 350.000 kroner til misjonsprosjekt.