Jubileumsfesten er avlyst

Det vert ikkje noko markering av at det i år er 50 år siden Sunnylven vart ein del av Stranda.
Nyhende

Dette vart resultatet etter ein oppheta diskusjon mellom Frank Sve (Frp) og ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) på formannskapsmøtet måndag ettermiddag.

Sve har sendt eit brev til ordføraren der han både spør kva mynde ordførar Tryggestad har til å kunne invitere til jubileumsfesten, og kvar pengane til festen er tatt frå. I tillegg hevdar Sve i brevet at ordføraren set det politiske miljøet og kommunestyret i Stranda på gangen. Kostnadsramma vart av Sve tippa til å ligge rundt 50.000 - 100.000 kroner. Han har bedt kontrollutvalet i Stranda handsame saka.

"Pinleg" lite festbudsjett

Under formannskapsmøtet måndag orienterte ordføraren at den totale kostnadsramma er på 16.000 kroner.

– Kostnadsramma er så edrueleg at det nesten er pinleg, hevda Tryggestad.

– Eg er provosert og skuffa over diskusjonen. Det har komme fram ei rekke usanne påstandar. Eg har fått ein haug med reaksjonar, og eg kunne ha skjønt det ved større summar. Frank: Dette er ikkje særleg god reklame for Stranda, sa ordføraren.


Vil granske "gullbryllup"

Frank Sve (Frp) har fått invitasjon til "gullbryllup" 7. mars, og reagerer med å be kontrollutvalet i Stranda om å granske heile saka.

 

Kunne brukt på andre ting

Sve på si side argumenterte over at ein heller kunne ha brukt desse pengene på andre ting, og at formannskapet ikkje var tilstrekkeleg orientert om jubileumsmarkeringa.

– Vi må få ei sakshandsaming, uansett kva saka gjeld. Eg vil ikkje akseptere denne framgangsmåten, sa Sve i møtet.

Opningsfesten på Strandafjellet

Arild Ringdal (Ap) som er ein del av komiteen i jubileumsfesten, måtte fastslå at han ikkje skjønte uenigheita.

– Dette skjønner eg ikkje bæret av. Vi har midlar som låg i budsjettet, og det er ein enkel dugnad. Vi har ikkje fått et einaste nei, og alle har vore stolte over å verte spurte. Opningssermonien på Strandafjellet, kva kosta den? spurte Ringdal Sve med tanke på den kostbare festen der i Frank Sve si ordførartid.

– Eg protesterar ikkje på innhaldet i festen, repliserte Sve.

Finn seg ikkje i ordbruken

Sissel Mehl (V) ga Ringdal rett i sin argumentasjon.

– HOK-leiaren (Ringdal red. anm) har rett. Vi har fått fleire orienteringar. Det er positivt kva dykk har fått til, meinte Mehl.

– Eg tar konsekvensane av uenigheita og avlyser. Eg finn meg ikkje i denne ordbruken. Ordføraren starta dette, då avsluttar ordføren det med, sa Tryggestad etter diskusjonen.


Vil granske "gullbryllup"

Frank Sve (Frp) har fått invitasjon til "gullbryllup" 7. mars, og reagerer med å be kontrollutvalet i Stranda om å granske heile saka.



Snart «Gullbryllaup» for Stranda og Sunnylven

Den 1. januar er det 50 år sidan Stranda og Sunnylven vart ein kommune. Det skal markerast med eit skikkeleg «gullbryllaupsfest» i Storfjord Kulturhus.